Plenklipping
onsdag 14 juli, 2010A-lagsspelarar finn oversikt over plenklipping ved I.P. Huse inne på “A-stallen”. Forøvrig kan det også nevnast at a-laget trenar onsdagar klokka 1730 framover.
A-lagsspelarar finn oversikt over plenklipping ved I.P. Huse inne på “A-stallen”. Forøvrig kan det også nevnast at a-laget trenar onsdagar klokka 1730 framover.
Harøy vann heile 12-0 heime mot Stranda 2 i dag, mandag. Stian Harnes putta like godt 6 mål, Morten Håheim 3, Johan Karlson 2 og dagens comeback-kid, John Andreas Husøy skåra eitt!
I dag vart nemleg John Andreas Husøy endeleg klar for spel med kobben på brystet igjen, etter opphald i Molde, Moss, og Sarpsborg. Husøy har vore ute med skade i heile vår, og har difor ikkje spelt før i dag. Overgangspapira gjekk heller ikkje gjennom før mandag. Velkomen heim!
Herrelaget tapte onsdag 6-2 mot Hessa. HIL leda 2-0 etter tidlige skåringar av Nicolai Brunvoll og Morten Håheim, men Hessa slo grusomt tilbake etter 8-1-tapet på Harøya tidligare i vår. Eit litt forseinka referat er i kjømda.
Det var lenge problem med å få tak i eit 6.herrelag. Men no har Harøy Old Boys (litt forsterka?) bestemt seg for å stille, nye grupper har blitt trekt, og dermed ser det nye kampoppsettet slik ut:
Neste helg, 3.-4.juli blir det Øya-cup på Harøya. Kampoppsettet er i kjømda! Ellers kan vi nemne at det blir 7 Små Planeter frå Midsund som spelar til dans på kvelden.
Harøy vann 4-2 borte mot Lepsøy i dag, søndag, i ein heller daff kamp frå Harøy si side. Thomas Steinshamn og Stian Myklebust sendte Harøy opp i leiinga, før Lepsøy reduserte før pause. Etter kvilen skåra Morten Håheim, før Lepsøy sette ballen i eige nett. Meir under!
Harøy skulle eigentleg møte Brattvåg 2 på onsdag, men etter at Brattvåg IL no har bestemt å trekkje andrelaget sitt frå 5.divisjon, er den kampen avlyst.
Lagsidene på “Yngres” er no oppdatert med kontakt-info. Fullstendig oversikt finn du under. Vi gjentek oppmodinga til lagleirar/foreldre om å sende inn stoff/resultat.
Det enda med tap 2-1 i toppoppgjeret mot MSIL laurdag. MSIL leda 2-0 til pause,men etter ein god andre omgang kunne Harøy fort ha tatt poeng. Men det vart med skåringa til Eivind Harnes. Meir under!