Ærast den som ærast bør

Sunnmøre fotballkrets har kåra Sandøy kommune til årets fotballkommune for 2018. Dette er Sandøy kommune veldig stolte av. I grunngjevinga frå Sunnmøre fotballkrets vert det trekt fram den høge andelen aktive og dei flotte anlegga vi har i kommunen, her er vår nye flotte stadion med topp kunstgrasdekke og løpebane, IP Huse hallen og ballbingar trekt fram. Sjølv om ikkje klatreveggen er trekt fram i denne kåringa, er det heilt klart at denne og er ein del av dei flotte idrettsanlegga vi no har i Sandøy kommune.

 

Sandøy kommune er eigar av anlegga som blir trekt fram i grunngjevinga. Dette har gjort det mogleg å få mva-refusjon på innkjøpa. Kommunen har og forskottert spelemidlar inntil desse har blitt/blir tildelte. Det er uansett Harøy Idrettslag som skal ha det meste av æra for denne tildelinga. Harøy Idrettslag har utført alt av planlegging, oppsett, igangsetting og dugnadsarbeid av anlegga. Harøy Idrettslag har vidare finansiert anlegga med hjelp av eigne oppsparte midlar og gjennom gåver frå bedrifter og organisasjonar. For klatreveggen er det ei undergruppe i idrettslaget som har stått på og finansiert anlegget på same måte.

Kostnadane på Harøy nye stadion, IP Huse hallen og klatreveggen er på over 20 millionar kroner. Sjølv om noko av dette kjem av oppsparte midlar frå Harøy Idrettslag hadde dette likevel vert umogleg utan støtte frå  lokalt næringsliv. Her vil Sandøy kommune takke alle bedrifter og organisasjonar som med stort engasjement, store finansielle gåver og bidrag innan hjelp med dugnadsarbeidet har gjort det mogleg at Sandøy kommune no har fått denne tildelinga.

Grunna finansieringsmodellen og alt arbeid Harøy Idrettslag har lagt i anlegga er det avtala at Harøy Idrettslag ikkje skal betale leige til Sandøy kommune for bruk av anlegga. Som eigar står Sandøy kommune for driftsutgifter, som straum og forsikring, samt større vedlikehald. Dette saman med kombinasjonen av flotte anlegg, gjort mogleg av eit engasjert lokalt næringsliv, og Harøy Idrettslag sin store frivillige innsats, både i styre og som trenarar/oppmenn innan fotball og anna aktivitet, gjer det mogleg at Harøy Idrettslag har eit so godt og rimelig idrettstilbod. Samla gjer dette at Harøy idrettslag greier å ha ei høg  medlemsmasse i forhold til folketal, noko som og vert trekt fram som ei av grunngjevingane for tildelinga.

Sandøy kommune vil med dette takke Harøy Idrettslag og lokalt næringsliv for deira store bidrag til at Sandøy kommune no har blitt kåra til årets fotballkommune 2018 av Sunnmøre fotballkrets.

 

Med helsing
Sandøy kommune

Legg igjen en kommentar